tirsdag 17. mars 2009

99% tjuverisikker

Før budde eg på Møhlenpris. Dette var både ganske sentrumsnær og skulenært. Difor kunne eg som regel gå når eg skulle forskjellige plasser. Har i midlertid no, i litt over eit år budd på Krohnstad. Då har sykkel vore eit must. Eg syklar til skule og til karatetrening. Sykling er sjukt greit. Det går ganske fort og er ikkje spesielt slitsomt. Problemet med at eg syklar så mykje er at når eg så ein dag må gå dei samme strekningane, så føler eg meg som ein snegle. Det går så sjukt seint å gå. Fikk litt problemer no når vi hadde snø i over ei heil veke. Då måtte eg gå te skulen og trening kvar dag. Vanligvis tar det då ca 25 min og gå te skulen og omtrent 35 min til studentsenteret. Dette er lenge nok og med snegle-effekten, så virker det sjukt lenge. No var det i midlertid ei blanding av snø, eksos og salt på fortauet. Eg spant meg frammover heile veien. Hadde snøen vart mykje lengre så trur eg eg hadde klikka. Det var ein befrielse å kunne sykle igjen når veiane vart snø og isfri.

Når eg no brukar sykkel så mykje har eg invistert i ein kraftig sykkellås, som er om ikkje 100% tjuveri sikker, så ikkje langt i frå. Den er så stor at eg syklar med den låst rundt livet og så kan eg låse den rundt alt mulig. Den er ganske kraftig og ikkje spesielt enkel å klippe over, med ein diameter på ca,2-3 cm.

Problemet oppstår jo då selvfølgelig når låsemekanismen klikka og sykkelen blir ståande låst i kjellaren. Eg får ikkje inn nøkkel. Låsen er så tjukk at du mestsansynlig på ha ei gedigen avbitertang av superduper størelsen for å i heiletatt kunne nærme deg den. Dette har eg ikkje og har heller ikkje tenkt å skaffe meg. Eg må gå....@%&$....Dette skjedde fredag. Den stod heile helga. Eg gikk te skulen mandag. GIKK heimat og GIKK te studentsenteret på trening. Ja og selvfølgelig måtte eg gå heimat igjen då og.......Folk påpeikte at eg kunne no bere den med meg te bussen og tatt den ned til ein eller anna butikk og fått låne ei avbitertang, men NEI!! Det gidde eg ikkje. Det skal ikkje vere nødvendig. Synst egentlig at produsenten av den dritlåsen kunne komme kjøyrande opp til meg med ein ny lås og ei avbitertang......Eg gikk og irriterte meg over dette på veien heimat frå trening i går. Når eg kom heim gikk eg og henta ein kniv, ein hammer og fant ei mini avbitertang. Eg måtte berre utøve litt vold mot den låsen. Eg skrapte av plastikken og der som eg trudde det låg ein gølsen vaier, var der i stede ledda metalkapper. Ved å fjerne pastikken og bøye låsen så kunne eg så vidt skimte ein litt tynnare vaier. Etter litt hammerbruk og bøying klarte eg å få mi lille avbitertang rundt vaieren. Eg gikk ut og henta ein stein som eg kunne bruke til ambolt. Så satt eg meg til å dælje laus på avbitertanga som låg rundt vaieren. Etter nærmare 50 slag, så rauk endelig elendigheten og stormen av alt hatet mt låsen forsvant. På bilde kan du sjå at det gikk heftig utover steinen og selvfølgelig dritlåsen---

torsdag 5. mars 2009

TV-kroken


Fant ut at eg vill tegne tv-kroken etter at eg hadde rota litt der. Utfordring å få med detaljar. Eg satt litt lågt, så det vart vanskelig å få fram dette ved bordet som eg tegna. Elles så var det veldig kjekt å tegne teppet til venstre, su+ynst eg fikk det bra til. Den fine flatskjermen dei hadde fåttseg heime vart diverre ikkje med på tegninga.

Veslebror


Kjeda meg litt ein dag og satt meg då ned og tegna veslebror min som satt i sofan og las til prøve. Ikkje så veldig bra gjengiving av ansiktet. Einaste grunnen til at eg kan sjå at det er han, er at han som meg tidligare, har eit kraftig underbitt.

Picasso


Her var ei ny oppgåve frå boka. Eg skulle tegne av ein reproduksjon av eit Picasso-bilde. Vrien var at eg skulle sjå på det og tegne det opp-ned. Dette skulle eg gjere for å lure hjærnen. Venstre hjærne halvdel kjenner ikkje igjen kva dei ulike strekane "syboliserer" og klarer dermed ikkje denne oppgåva. Då får høgre (den kunstneriske) hjærnehalvdelen ta over arbeidet. Skulle egentlig berre bruke 40 min, men eg vart sittande i ein time. Veldig fornøgd med resultatet, sjølv om den vart litt dratt nederst og trykt sammen lengre oppe.

Stressless


Eg har vore heime i helga og litt utover veka. Mandagen gikk eg meg ein tur ned i sentrum og kjøpte to teikneblyantar og eit elendig viskelær. Vel heime at bestemte eg meg for at eg ville teikne ein stressless for å få utfordringa med bua former. Etter å ha tegna den ferdig, tegna eg like godt meir eller mindre det som var rundt. Her kan dokke dermed sjå deler av stua til foreldra mine.

Take a chair


Her har eg tegna ein stol for dei som ikkje kan sjå det. Den vart no ganske fin, men skyggelegginga vart litt rar. Trur det egentlig kjem av at skyggane var rare der. Noke refleksjonar frå eit kjøleskap og greier.

Hands Up


Her skulle eg tegne handa mi (altså venstre, som eg ikkje brukar når eg tegner) i sjølvalgt positur. Var litt vanskelig å få til dei bøyde fingrane. Litt feil vinkel på dei. Handa ser litt lita ut, men eg har no ikkje verdens største hende so det stemme sikkert bra.

Sjølvportrett


Oppgåva her var og teikne eit sjølvportrett ved hjelp av eit speil. Det var ikkje lova å bruke bilder. Hadde litt problemer med å finne eit speil eg kunne sitt med, så eg endte opp med å bruke eit CD-kover. Her vart bildet litt forvridd, så eg måtte ha meg eit par turar ut i speilet for å få skikkelig taket på det. Vart ganske fornøgd med resultatet. Sølvkritikken kan vere at eg laga meg sjølv litt for fyldig i fjeset og at ansiktet er litt forskyvd mot eine sida.

Tar gjerne i mot komentarer på dette.....både negative og positive...

Å tegne er å se


Eg har bestemt meg for at eg skal lære meg og tegne. Eg vart tipsa om å kjøpe boka med tittelen "Å tegne er å se". Den har eg kjøpt og likar den godt. Virkelig å anbefal til alle som vil lære seg og tegne. Forfatteren meiner at alle kan lære seg og tegne med denne boka. Du trenger ikkje ha eit snav av talent. Passa bra for meg. Boka gir litt teori rundt korelis lære å teikne (mykje om korleis hjærnen fungerer) og så får ein oppgåver som ein skal tegne. Tenkte eg kunne legge ut nokon av dei tegningane eg har laga. Vart ganske fornøgd med nokon av dei.

Første oppgåva var å teikne ein person utan å ha noko å sjå på. Dette gikk ikkje så bra, som du kan sjå på bildet over.