tirsdag 28. juli 2009

Når ein truddde stormen hadde lagt seg........

Det var sjukt mas ei stund om svineinfluensan. Begynte å bli litt lei av dinna oppblåsinga i media og trudde det var slutt no, men det begynte påan igjen....

Men no, endelig første svineinfluensan til noke positivt. Den fikk satt Breim (10 min frå Sandane, min heimstad) på kartet. (http://www.dagbladet.no/2009/07/24/nyheter/innenriks/svineinfluensa/7348614/)

"20 ungdommer kan være smittet, og ligger på isolat"

 Dette talet steig til nærmare 60 og isolatet var ein barneskule, 5 min på andre sida av min heimstad. Seinare måtte ein imidlertid flytte dei "isolerte" til ein annan barneskule fordi den første skulle brukast til eit Årsmøte. Hadde det ikkje vore lettare å flytta årsmøte???

Etter utbrotet fikk vi, på min arbeidplass, beskjed om at vi måtte begynne å vaske henda meir. Eg veitkje med dei andre, men eg bruka no å vaske henda etter at eg har vore på do....

Konspirasjon

Eg skal jo snart begynne å studere i London. På grunn av dette har eg no i det siste tenkt at eg bør lese litteratur på engelsk, så eg får litt trening. Boka eg lese no er "Foucault's Pendulum" av Umberto Eco. Det er ei bok med mykje konspirasjonsteoria. Det hovedhistoria går ut på at Tempelridderane i si tid blei tvungne til å løysast opp fordi mektige folk begyntå å frykte at dei skulle få for mykje makt (boka er fiksjon, men den bygger vel kanksje på faktiske konspirasjonsteoria). Så er det ein man som har klart å finne ut litt ymse. Han meiner at Tempelriddarane, som etterkvart blei forbanna på kyrkja og vendte seg vekk frå den fordi den gjorde så mykje drit, lot folk tru at ordnen vart oppløyst, medan dei i verkelegheita "gikk under bakken" med ein større plan om å vende tilbake og ta kontroll over verda. I og med at dei vendte ryggen til kyrkja, så beli tallet 666 (knytta til anti-krist) eit viktig symbol for dei. Det er her konspirasjon blanda med matematikk tar litt av. 

Dei laga ein plan som skulle utførast steg for steg og fulført ved år 2000. 6 forsegla dokument blei plasert ved kva sine segl-voktera. Det var tilsammen 6 voktera per segl, som skulle passe på segle i 20 år kvar. Altså 120 år skulle pasere mellom kvart segl som vart opna. Planen starta i 1344, då vart første segle opna. Så venta ein 120 år før neste vart opna osv. Dette resulterer i    5 x 120 år = 600 år. Då er årstallet 1944. Dette er igjen eit symbolsk tall. Det er faktisk det mest symbolke tallet for tempelriddarane. Det er jo LETT å sjå. For slår du sammen alle tala i 1944, så får du: 1+9+4+4=18. 18 kan og skrivast som 18= 3 x 6  eller om du vil  666. Problemet var jo at innen 1944 hadde det vore krig og alt gikk i dass.

Men likavell fantastisk kva du kan bruke enkel matematikk til............

søndag 12. juli 2009

Nei vi har ikkje................eller?

Var på kafee her ein dag. Vi har ikkje så mangen gode kafeer her eg bur. Den vi pleide å gå på er nedlagd, men det er komt ein plass som kanskje helst er eit spisested, men som er veldig koselig. Så dinna dagen gikk vi dit. Eg gikk for å bestille og spurte om dei hadde is. Nei, sa han og rista på haudet. Så eg lurte på om dei hadde noko slags kake. Det hadde dei heller ikkje sa han. Så eg prøvde meg ein siste gong å spurte om dei ikkje hadde nokon form for desert. Det er jo godt å ha noko søtt til kaffen. Nei, sa han atter ein gong og vi endte då opp med å berre bestille ein kaffe kvar. Så sitte vi ute å snakka litt om kor gale det er at dei ikkje har noke form for kaker eller is. Dette er ein relativt ny plass og eg trur dei gjer det ganske bra i og med at det ikkje er så mangen konkurentar. Dei har god mat og selger drikkevarer til grei pris. No i sommervarmen ille dei kjent mykje ekstra om dei hadde seldt is i tillegg. 

Plutselig bryte eg ut i eit: SJÅ!! og peiker mot servitøren. Det var den samme mannen som hadde sagt NEI til meg tre gongar.

Vi har IKKJE is

Vi har IKKJE kaker

Vi har INGEN form for deser

No kom han ut med fire talerknar med epleKAKE og IS.........

HAn kan ikkje legge skylda på at han er tyrker og ikkje så god i norsk....... kva kan han ha misforstått her.......eg skjønna ikkje ditta. Gadd ikkje ta det opp med han. Vi gikk og kjøpte is ein annan plass

mandag 6. juli 2009

Langt langt hår

No begynner eg etterkvart å få litt lang hår igjen. Det er no slek det går for dei fleste. For så vidt lika eg å ha litt lengde på det og pleier å seie til frisøren: "ta ein god del, men ikkje klipp det så alt for kort", drar litt på det og fortsette med, "la det vere igjen ein god del". Ikkje så lett å bestemme seg. Når ein først bruker fleire hundre kroner på å klippe seg, så blir det for dumt å ta så lite at ein må klippe seg neste veka at. 

Men no veit eg ikkje heilt om eg tør å gå til frisøren igjen, etter det eg las på DB.no:

Dødsdømte Hussein var frisør i hovedstaden Sanaa, og drepte 11-årige Hamdi Abdullah al-Kabas da han kom inn i salongen for å få en ny frisyre. 

Kva er problemet her? Er det ikkje det som er vanlig å spør om når ein skal gå til frisøren.


Frisøren ble arrestert i desember i fjor, og tilstod under rettssaken i januar å først ha voldtatt gutten, så drept ham og deretter kuttet kroppen i biter før han kvittet seg med den utenfor Sanaa.

Folk er sjuke, og tydligvis er frisørane verst, så eg trur i vertfall eg ventar litt til før eg klipper meg.

fredag 3. juli 2009

Sommartull

Heite dagar no for tida. Er ganske aktiv, ¨å harkje tatt meg tid til å skrive noko her. Tenkte eg kunne ta ei oppsamling på ting som har skjedd. Eg har fått meg sommerjobb, der eg går langs strømlinjene og måler jordingsmotstanden i bakken. Det er eit sikkerhetsforetak. Får vere mykje ute, så eg blir brun og fin. 

Men selvfølgelig første dagen det var knallvær så gikk eg rundt i skauen og blåtta min kvite rygg og då blei selvfølgelig den knallraud. Måtte då med t-skjorte ei veke i heiten og det vart dritvondt å gå med sekk noken av dagane.

Når ein går slik rundt om kring i skog og mark oppleva ein litt forskjellig. Eg jobbar i lag med ein anna fyr og. Greit å vere to, så blirkje det så einsamt, emn det blir og meir å holde styr på. I går hadde vi gått langs ei linje ca ein kilometer. Vi bærer ganske tunge sekkar, så når vi skulle gå tilbake til bilen, så tenkte vi at vi kunne gå ned til byggefeltet rett under oss, legge frå oss sekkane på toppen der og så gå ned til bilen, for så å køyre opp og hente sekkane. Det første vi merka etterkvart var at veien vi gikk på gikk i feil retning, slik at vi kom lengre og lengre vekk frå bilen, men det var no greit nok. Vi kom no til slutt fram til bilen, etter ein halv time. Plutselig gir han andre frå seg noken ulyda. Ja som eg sa så er det meir å holde styr på når ein er to. Han hadde lagt igjen bilnøklane oppe i sekken. ha ha. Vi hadde to alternativ. Enten gå opp å hente nøklane og så gå  ned igjen. Dette ville ha tatt over 1 ekstra time og vi måtte betalt for den timen sjølv. Vi valgte heller å ringe etter ein TAXI, som køyrte oss opp til sekkane og ned igjen til bilen. Slik at vi fikk låst oss inn i bilen og fått tak i lommeboka så vi kunne betale for oss. Viss tid er pengar, så vart dette mykje billigare og mindre slitsomt enn å gå. he he.

I dag var vi ein plass eit stykke oppe på fjellet. Vi var nesten ferdig med målingane våre, når vi finn ut at det er noko gale med kablen som vi bruker. Den enden som skal koblast til måleutstyre vårt er forsvunnen inn under resten av kablen. Vi dreg derfor ut heile kablen (250 m) og finn tak i enden. Vi får gjort den siste målinga, men alle kablane ligger ute (ca. 100 m i ein retning), så kjem der ein hest gåande bort til oss. Den ville seie hei. Det var ein fordel at de nikkje begynte å ete på kablane, så eg måtte stå å passe på den, medan han andre rydda saman. Dette tok ekstra lang tid. Hesten blei veldig glad i å sleike meg på henda og bite meg i foten. Når vi skulle rydde sammen kablen vi hadde fått problemer med, merka vi at vi hadde laga tidenes største floke, så vidare følgte ein time med flokeløysing.

Når dette er sagt så føla eg at vi ellers har vore ganske effektive å fått gjort ein god jobb, men all dinna varmen gjer at ting ikkje går heilt som det skal. Så kan vi no spørre oss ken som har tatt alt regnet vårt. EG trur det asiatane som driv å skyte rakettar på skyen og stjele dei frå oss. Fåreløpig er det greit, men det finst grenser.