mandag 24. august 2009

Hoteller i Bergen

Eg vil gjerne rekke ein stor takk til - og gi anbefalingar av dei tre flotte hotella som gjorde mitt opphald i Bergen så bra som mulig. Alle tre var veldig rimelige og hadde inkluderte måltidere av ulike slag. I tillegg til hygglig vertskap, så hadde alle tre noko særegent som eg vil sette fingeren på.

Hotell KristoAllaMarte:

- Alltid rolig og stille

- Fantastisk gode pannekaker

- Stor, god, oppblåsbar dobbelseng

Hotell BjarteMitMarianne:

- Fantastisk snerten sovesofa

- Stadig servering av plommegraut med vaniljesaus

- Nydlig kyllingmiddag

Hotell Sivertsen:

- Risengrynsgraut til frokost

- Personlig trener

- Opp til fleire filmvisningar (inkludert snacks)

I tillegg til desse hotella var eg og innom Geir's Pensjonat på dagtid og fikk meg ein flott pastamiddag. Tusen takk for oppvartninga der og.

fredag 14. august 2009

Bruspulver

Dette er ikkje mine ord. Eg høyrde dei ein stad, frå ein munn eg ikkje huskar navnet på. Denne munnen eigde heller ikkje orda, men orda var som følgande....

Tenk,
av alle dei millionar folk som finst i verda.............
så er det berre eg og du............
som ligg her i graset...................
med bruspulver i navlen.................
og ventar på regnet.................

Orda var kankje annleis då enn no. Ting forandrar seg med tidas tann, men innhalde var det same, då som no........