mandag 29. desember 2008
A4 - posen
Når eg treng ein pose, så blir det alltid til at eg må leite gjennom alle dei tusen ulike størelsane og typane av posa som blir laga, før eg endelig finn den ultimate A4 - posen.
Ja, A4-posen, det er den posen, som dei fleste matvarebutikkane brukar. Den er akkurat passe stor, plasten er ikkje for har, men likevel tåler den somregel dei fleste påkjenningane.
Går ein og tilbake til den opprinelige diskusjonen om ein bør kutte ut å lage plastposar, så tenker eg i sofall at posane kan jo alltid brukast som bossposar i restavfall og då er dei ikkje noko ekstra avfallkilde. Men det er berre A4-posane som passar jamt over i dei fleste innendørs-restavfallbøtter og slikt. Alle andre posar er berre svært irriterande og burde alldri bli laga.
Dette er eit stadig voksande problem for meg, som eg håpar med tid og stunder at ein laga ein standrd for og for innført lov som forbyr alle andre posar enn A4-posen.
søndag 23. november 2008
EIn venn som kom og gikk igjen.......
Ein morning var han berre der, stod der litt hengande med hode og stirra inn på meg. Kven var denne skikkelsen, med det nedtrykte blikket og den lute holdninga? Hadde han følgt etter meg heim frå byen? Kva ville han meg? Eg prøvde å få kontakt, men har var like taus og stod heilt i ro. Det hadde vore veldig kaldt den natta, så kanskje han hadde frøse fast?
Dagane gikk, og kvar morning stod han der og stirra på meg i det eg lata opp persiennene. I byrjinga var det litt ubehaglig, men etterkvart vart eg vandt med å ha han der. Han vart som ein trist og litt nedfor venn. Ja, kanskje var han trist, men han var i vertfall der.
Ein dag eg var ute og gikk i byen og funderte på kvifor vennen min var så trist, vart auga mine hengande ved eit utstilligsvindauge. Der hang det ein gammal, svart frakk. Det var juletilbudet til Fretex. Ideen slo ned i meg som eit lyn, han hadde gjort livet mitt litt bedre, så no skulle eg gjere noko for han. Eg kjøpte frakken, eit skjerf og ein matchande hatt. Når eg kom heim, henta eg nokre vedkubbar frå leiligheita. Stakkaren hadde stått der ute og frøse heile tida. Levd eit kaldt liv i einsemd, uten varme og glede. No ville eg gi gleda i livet, tilbake til han. Eg kledde han opp i kleda. Han vart flott skal du tru. Så tente eg opp eit stort bål. Eg henta meg ein sovepose og noko og ligge på. Denne natta skulle han verken fryse eller vere åleine. Vi hadde det koselig i lag, eg fortalde skrøner, og om han ikkje akkurat lo, så viste eg innerst inne at han likte det. Eg er ikkje heilt sikker, men eg meiner at eg såg eit glimt i auga hannar og ei lite flir om munnen, like før augelokka mine vart for tunge og eg seig inn i drømmeverdenen.
Dagen etter når eg vakna, var det berre glør at av bålet og vennen min hadde reist. Han hadde lagt at kleda eg hadde gitt han. Det var litt trist, men eg viste eg hadde fulført oppgåva som var tiltenkt meg. Eg hadde gitt han varmen tilbake i livet, han var fri og kunne igjen reise med vindane slik han og hannar forfedre, og for så vidt etterkommarar altid har gjort og vil gjere i all tid framover.
tirsdag 18. november 2008
Svaret på alle livets gåter....
"You also need to decide the risk philosophy because risk
tolerance drives risk management"
fredag 14. november 2008
Eit lite koselig dikt
Eg har lagt eit ukjent
kvinnemenneske for hat,
fordi ho tvingar meg
til å dimensjonere
ventilasjonsaggregat.
Eg har ikkje møtt ho i person,
eller sett hennar fjes,
men hadde eg det,
hadde eg brølt meg hes.
Kvinna er heilt Nazi, Hitler, Heil
- Alt vi gjer er berre feil.
Ho er aldri nøgd,
kunne like gjerne vår livsmotivasjon
tvers av høgd.
Kvinnemenneske,
eg har ein dedikasjon,
takke vere deg, skal eg
aldri meir jobbe med....
VENTILASJON
Diverre er ikkje diktaren ferdig med sin raport.....
Nei, etter ein nazimal var dette ikkje fort gjort....
mandag 10. november 2008
Iver, Ryddigheten Sjølv
Lenge sidan eg har fått tid til å skrive noko her. Vi har forholdsvis mykje å gjere på skulen og ein av dei tinga eg jobbar med er semesterinnlevering i Kvalitetsledelse (ja, det er eit av dei faga med magen figura og piler). Vi fikk oppgåva "personlig forbedring", der vi skulle velge eit eller anna som vi ville forbedre med oss sjølv, planlegge prosessen, utføre det og til slutt kontrolere resultatet/vedlikeholdsevnen.
Vår gruppe valgte å få ryddigare rom. Då er det ikkje snakk om å berre rydde rommet ein gong, men prøve å finne på metodar og tankegongar for å ha eit kontinuerlig ryddigare rom. Dette såg vi som ein yber-aktuelt ting å ta for seg (sjå bilete). Nokon på gruppa var litt (mykje) ryddigare enn resten, så vi valgte å ta for oss dei to verste, altså Arne (sjå link til høgre) og undertegnade.
Etter å a komt fram til "dei vitale få" - metodane, som i hovudsak var at ting fikk faste plasser, pluss at klede ikkje skal ligge på rommet, så kom ei i gruppa heim til meg, for at vi skulle utføre metodane i lag. Ho er litt (veldig) ryddig. Dette resulterte i eit halveis sammarbeid, der ho gjorde mesteparten av arbeidet og eg følte at eg stod i veien. Men resultatet var upåklagelig. No gjeld det berre for meg å klare å holde det ved like.
Skal holde mine få lesara oppdatert på denne spanande eventen - VIL IVER KLARE Å HOLDE ROMMET RYDDIG!!!!!!!
søndag 2. november 2008
Hyttetur

Har vore på hytte tur med ein kameratgjeng i helga. Vi for opp på laurdags formiddag og var til Søndag. Kjøpte med oss mykje god mat og litt drikke. Det var hytta til medisinerforeninga, som vi fikk låne. Ei ganske gammal hytte, men god plass og koselig. Den største "luksusen" var innlagt vatn. Når vi kom opp, fyrte vi godt i ovnen og tok oss litt brødmat, før vi gikk oss ein tur oppover i fjellet, i håp om at det skulle bli varmare i hytta medan vi var vekke. Gikk eit stykke, før vi fyrte opp eit bål og kokte oss kaffe. Medan vi satt der, fikk vi vårt første skikkelige snøfall. Fantastisk deilig, det og kunne komme seg slik ut i naturen og nyte syn, stillehet og ro. Berre høyre på snøflaka som treffer bakken, medan ein sitter med kaffelukta i nasen og varmar seg på koppen, ved bålet.
Då vi kom til bake til hytta,var den blitt litt varmare, men var fortsatt ikkje noko og skryte av, så vi fortsatte og fyre godt. Satt så i gong noko matlaging. Viltgryte passa bra på ein slik tur. Dyret hadde vi selvfølgelig skøte sjølv (og ikkje kjøpt på rema). Naut maten med litt god rødvin. Det var blitt mørkt når vi kom ned, så rommet lyste vi opp med ørten stearinlys. Folk har tydligviss drukke mykje vin her oppe før. Vinflaskene egna seg bra som lysestaka. Etter maten åt vi sjokkoladekake og anna snacks. Satt oss til og snakka om alt mulig. Veldig deilig og avslappande og gjere slikt av og til. Får kobla heilt ut. Utan TV eller anna konstant underholdningskilde. Berre slappe heilt, heilt av.
mandag 27. oktober 2008
u-TIDE

Når eg sykla heim frå skulen i dag, så møtte eg på bilkøa, som kjem nedover mot danmarksplasskrysse, frå haukeland. Eg syklar oppover å lurer på om eg skal telle kor mangen bilar som står der. Eg kjem fort ut av tellinga. Køen var ekstra lang i dag. Eg forstår ikkje at folk gidder å stå i den køen. Det vil i vertfall ta ein time for dei som er bakerst å komme igjennom. Det må jo vere lett å ungå. Viss ein berre sitter igjen litt ekstra på jobb. Gjer unna litt meir eller eventuelt, gjere heimearbeidet, så har ein ettermiddagen fri. Andre plasser har ein muligheten til å trene litt eller noko. Alt må jo vere bedre enn å bruke 1 time kvar dag, 5 dagar i veka. I løpet av eit år tilsvarer dette 10 døgn. Tenk at så mangen folk gidde bruke 10 døgn av livet sitt kvart år på å sitte i bilkø.....HERLIG
Køen gikk i dag, lengre enn eg skulle. Gjennom neste lyskryss på strekket og vidare oppover mot haukeland. Her i dette lskrysset var det virkelig begynt å bli kaos. Dette kunne ein blant anna takke ein veldig omtenksom TIDE-sjofør (eller kunderbehandler som dei kalla det på fint i TIDE). 90-bussen som han kjørte kjem frå haukelandskrysse. Han er komen til lyskrysset her og når han endelig får grønt lys, så kjører han rett fram slik at han akkurat blir ståande midt i krysset. Det burde vere basic lærdom for ein bussjåfør, at det ikkje er nok at ein får seg sjølv gjennom krysset, han har og ein lang trekkspillbuss etter seg. Så når den kryssande veien får grønt lys og nesten bilen i rekka her skal rett fram, så må den berre stå å vente og skape endå meir kø bak seg sjølv igjen. Her begynner deg og å bli ganske lang kø etterkvart. Denne køen igjen sperrar vidare for bilar som skal ned i eit anna kryss (sjå bilde). Fantastisk tragisk......
Her var rett og slett TIDE i UTIDE......
søndag 26. oktober 2008
Regnvær

Dinna helga har det virkelig regna. Det regna så kraftig i går, at når eg skulle på fest, så måtte eg kle meg opp i full mundur, sjølv om eg skulle ta bussen. Eg hadde blitt våt av å gå 5 meter. Dårlig vær begrenser motivasjonen for å gå ut av huset. Mangen klager på regne her i Bergen, inkludert meg sjølv, av og til, men eg synest det verste regnet er det kjedelige "rett ned"-regnet. Det er berre traurigt. Når det bles, slik som dinna helga og ein får følelesen av å stå under ein foss, fordi himmelen virkelig tømmer seg over deg. Då, då er det fassinerande. Eg tok meg sjølv i å le, når veiane etter 5 minut vart gjort om til elver. Det å sykle oppover, minte meir om elverafting. Det å vere ute i slikt vær, synst eg berre er morosamt. Deilig å kjenne regndråpane piske mot fjeset. Kjenne vinde ta litt tak i meg. Det som kan vere kjedelig er å sitte klissvåt heile dagen på skulen eller lignande, men er eg på vei heim, så er det ikkje noko problem.
Når eg var liten, så var regnvær og ganske morosamt. I vertfall det og komme ut etter at det hadde regna. Regnet forandra liksom alt rundt deg. På med full mundur, blå regjakke og bukse, med strikk under støvlane. Ut og hoppe i sølepyttane. Pappa prøvde forjeves å tette igjen eit hol på tunet vårt, med sand. Det fungerte dårlig, sank alltid sammen. Der blei det alltid ein stor fin dam som eg kunne hoppe i.
Noko anna eg likte med regnværet, var at myra bak huset vårt blei om til eit lite hav, i vertfall i auga til ein 8-åring. Våkna opp tidlig på morningen og såg ut glaset, for å sjå langt utover "havet". Kan endå huske den frydefulle følelesen. Ei anna historie, som gikk på nesten det samme, skjedde litt lengre fram i tid. Eg gikk i 6. eller 7. klasse på barneskulen. Veslebror min gikk framleis i barnehagen. Vi skulle hente han ein dag og då hadde det regna så mykje den natta at ei lita dump med eit areal ca. på 10x10 m var fult full med vatn. For barnehageeungar er dette ein stor opplevelse. plassen dei dagen før hadde leika, var løpe av ei natt forsvunnen under mangen 1000 liter vatn.
Det ein ikkje må gløyme, som er flott med regnværet, er muligheten vi har til å vere inne og nyte varmen og lyden av regnet som trommar mot tak eller vindu. Koke seg opp ein kopp med noko varmt og drikke, fyre i peisen, finne seg eit teppe og sette seg ned å lese ei god bok.
Eg er glad for at vi har regnet i Bergen. Når det regnar så mykje, så blir ekstra stas når sola finner på å vise seg for oss.......
tirsdag 21. oktober 2008
Vekas Nyvinning
Sjokkoladebollar med fårepølse og eit glas melk attåt er kjempe godt.....
Her er melka eit viktig poeng for ellers blir det litt tørt. Det hjelp sjølvsakt å ha smør på bollane i tillegg, men dette kjem heilt ann på kor sunn versjon du vil ha av dette herlige måltidet. For dei som ikkje har tenkt på det før så er kombinasjonen av søtt og salt veldig bra. Ein litt meir vanlig kombinasjon her, er bollar med kvitost på, også ganske godt.
søndag 19. oktober 2008
Folkerensking
Bergen feira jo at dei er blitt over 250 000 innbyggarar i sommer. Fint og flott det, men baksida av medaljen er at det ikkje er plass til så mangen folk. Så dei må finne metodar for å bli kvitt folk på. Gjennom "det gode" kolektivtilbudet sitt har dei virkelig klart det.
Eg pleier ikkje å ta buss, sjølv om gangavstanstanden min til sentrum er litt i lengste laget. Det er så vanskelig å berekne med dissa bussane. Dårlig system på kortid dei kjem og går, så eg tar somregel heller beina fatt. I dag var det imidlertidig for kaldt, så eg går til eit stopp og stiller meg opp for å vente. Det kan fort bli til at ein må vente ein halv time eller meir og når det då blåser og regnar, kan det fort bli litt kaldt. Dette har selvfølgelig Bergen kommune tenkt på, og såtte opp "busskur", med tak og veggar. Der skal du liksom kunne få stå i ly, men ser ein nærmare på desse skura, så skjønner ein at det er noko muffins ute og går. Veggane til skuret er plasert slik at vinden kan blåse rett gjennom frå alle retningar, og med vinden kjem regnet.
Det er medan eg står der og frys som berre det, at eg kjem til å tenke på befolkningsproblemet til Bergen kommune. Det er slik dei ordnar problemet. Dei legger opp til at folk som er så dumme som meg, som ikkje klarer å kle seg skikkelig, skal fryse i hjel medan dei venter på bussen.......Folk som ikkje klarer å kle seg skikkelig er ikkje noke å samle på, eller kva?
er du ekstra heldig kjem du ikkje med bussen........
onsdag 15. oktober 2008
Fullmåne

Det er fullmåne. Eg sitter og ete frukost og ser ut. Mørket gøymer fremdeles store deler av landskapet, men det er noko spesielt med skinnet frå månen når den er full. Eg ser opp mot den og føler noko rart skje med kroppen. Det begynner å klø i nasa, den føles oversensitiv ut, som om eg har fått bedre luktesans. Hjarte pumpar raskare og pusten aukar på. Det følest som om eit villdyr vil ut av meg. Det klør i fingrane, som om noke veks. Eg klorer meg fast i spiseboret og prøver å sjå vekk i frå månenskinnet, det er for sterkt, så alt for sterkt. Trangen er alt for sterk, eg vil ut å springe i skogen. Eller.............
AAAAAATJOOOOOO....................
ÅH.......dinna nysinga tar på.....
Finanskrisa
Vår generasjon, eller min generasjon, eller alle generasjonar rundt meg, pluss, minus 5 til 10 år - Eg tru vi har hatt det for bra her i Norge. No meiner eg ikkje at alle har, har hatt det bra på alle måtar, heile tida, men eg tenker meir på levestandarden. Vi har levd/lever (foreløbig) i ei tid der Norge har godt med pengar og samfunnet er bygd opp med eit system som tar seg godt (relativt - ikkje alltid det fungere slik det skal), av oss. Vi har det vi treng og vi klager fordi vi ikkje FÅR nok penger med staten slik at vi kan feste og leve livet, endå litt meir i studietida. Greit nok, vi har ikkje veldig mykje pengar som studentar, ser den, men poenget er at vi har det veldig godt likavell.
Vidare får eg snakke meir for meg sjølv. Finanskrisa som rammer verden no kan vere litt urovekkande, men eg føler meg trygg i Norge. Trur ikkje den kan ramme meg. Eg stoler blindt på systema her i landet. Det kjem nok av det som eg allereie har sagt ovanfor. Eg har ikkje nokon grunn til å ikkje stole på det, det har fungert bra så lenge eg kan huske og eg har fått det meste eg trenger og sikkert litt til.
Men eg har lite peiling på økonomien og kva som skal til for at Norge skal bli betydlig ramma, ramma slik at eg merkar det.
I dag trudde eg i midlertid at DET hadde skjedd. Eg og noken i klassa skulle på kino, WALL-E (var foresten veldig, veldig bra film). Den starta ti over hal sju. Vi kom litt tidlig, pga at eg hadde rota litt med tida (ikkje alltid så lett å holde kontroll på dinna tida, sekunda, minutta...). Veldig mykje folk, som skulle på kino i dag. Så vi kjøper bilettane våre og stiller oss for å vente på at vi skal bli "blinka" inn i salen.
Ein pleier å få sleppe inn ca 10 min før filmen skal begynne, men dinna gongen vart vi ståande. Klokka nærma seg filmstart, men ingenting skjedde. Det auka med folk og begynte å bli trangt. Klokka fortsatt og vi vart ståande i ein klump med folk i endå 15 min. Då var klokka 5 på sju og vi var 15 min forsinka. Eg merka ein uro spre seg i folkemengden. Kva skjer? Kvifor slepp vi ikkje inn? Kvifor får vi ikkje sjå film? Desperasjon. Vi begynte å merke presset bakfrå, fleire folk toga framover. Eg såg for meg, meg sjølv bli trampa ned, akkurat som folk blir på konsertar.
Klokka ti over sju slår det ned i meg som eit lyn. Finanskrisa har nådd til og med inn i vestlandsfjordane og MB - kinoen. Kinoen er gått konkurs, dei kan ikkje vise film fordi dei i eit siste desperat forsjøk på å rette opp balansen har seldt filmkanonene. Bilettfolka er bytta ut med vektarar, som begynner å sjå litt usikre ut. I frykt for gemyttar, så tør dei ikkje anonsere den katostrofale hendinga...............
Eit voldsomt lettelsens utpust går gjennom heile folkemassen. Klokka er ti på hal åtte og lampene har begynt å lyse. Vektarane tørker svetten av panna og slepp folk inn. Kinoen begynner nokså fort og alle går heim, fornøgde etter ein god film.
Heldigvis hadde ikkje finanskris komt endå, likavell, men eg trur eg skal vere meir på vakt frå no. Kanskje det norske systemet ikkje er skuddsikkert alikavell???
mandag 13. oktober 2008
Figurar....figurar
I tilleg til Kvalitetsledelse (der vi lærte om heisekranaI), så har vi eit fag som heiter "Integrert prosjektledelse". Det går i grunnen ut på mykje av det samme. Foreleseren her er litt bedre og snakke for seg, men likevell oppstår det litt problemer. Faget til no, består i og forstå mangen (ved første augekast), meiningslause figura. I desse faga er ein blant anna veldig glad i tosidige piler (les meir om dette i Arne sin blogg - link til høgre). Kan gå litt på gjensidige forhold og slikt. Eg har prøvd å lage ein figur som ilustrer forholdet mellom oss og lærer i dette faget. Det er ikkje så gjensidigt, så eg fikk ikkje brukt tosidige piler.
Forklaring på figur i stikk-setningsform:
- Vi får ein haug med vanskelige figurar som vi må skjønne.
-Vi må levere tilbake figurar som er veldig lette og sjølvforklarande (innlevering).
-Læreren vår nektar og bruke nettportalen til skulen (its learning).
-Faglærer gir info til hjelpelærer, som legger dette ut på its learning.
-Ved innlevering må vi sende mail til Faglærer.
-Litt ekstra grønne piler og spørsmåltegn i boksane er berre for å forvirre litt ekstra, noko som er vanlig praksis i dette faget.
-Kombinasjonen av norsk og engelsk er og noko av det viktigaste for å få ein god figur (dette har eg lært i det andre faget; kvalitetsledelse)
torsdag 9. oktober 2008
Kvalitetsledelse
I går hadde vi nok ein givande time i det flotte faget vårt "Kvalitetsledelse". Forelesninga varte frå 13.00 til 15.30 og i begynelsen var det ganske bra oppmøte, men folk forsvant med eksponensiell fart. Til slutt satt omtrent 10% igjen. Lurer litt på kvifor alle gikk. Det var jo ei veldig spennande forelesning. Eg lærte blant anna at viss du skal lage ei heisekran, så er det ikkje nok at den klarer å løfte 1000 kilo, du må og tenke på at den kanskje må løfte meir enn det og..............viktig lærdom som eg skal ta med meg vidare i livet. Kanskje får eg bruk for det når eg blir leiar i Bergen heisekranforening.
Det eg ellers satt igjen med var at om ein skal reise med fly, så er det viktig å lande trykt.....heldigvis har flyselskapa allereie skjønt det poenget.
Viss du vil vite meir om dette herlige faget, kan du sjekke ut bloggen til Arne (link på venstre side).
søndag 5. oktober 2008
............i kål
Har vore heime med mine foreldre dinna helga. Alltid kjekt å komme heim av og til. Får mykje god mat og så klarer eg å slappe skikkelig av. I dag (søndag) hadde vi fårikål, noke som eg synst er sjukt godt. Satt litt og tenkte på opprinelsen av navnet til denne fantastiske retten.
Kanskje ikkje alle som veit ditta, men det starta med eit problem på den tida då sauen endå var ville farlige dyr. Ein hadde store problemer med at desse ville fåra maula kål frå åkerane. Dette problemet hadde ein i mangen miliona år, heilt fram til at ein fikk utvikla rifla. Og då kan dokke tenke dokke kor glad bonden blei, når han fikk det nye smilet på døra, levert av Posten. Han gikk rett ut i åkeren og skaut fåret. Kona synst litt synd på fåret, som likte seg så godt i åkeren og tenkte at ho ville forevige dyrest siste ønske og laga retten........ja dokke tippa riktig........"får i kål"
Tenker at her kan notidas hageeigarar læret litt. Problemet med Iberiasneglen, kan fiksast lett ved å innføre sneglikål.........nam
søndag 28. september 2008
Dansk
Eg var på kino i går. De Usynlige, veldig god film foresten. Anbefalast.
Dette er ein norsk film. Synst norsk film har blitt ganske bra etterkvart, vi har fått ein god del gode skuespillera. Det som eg då har av dårlig kritikk til dinna filmen er, kvifor må ein dra inn danskar??! Kva er poenget med? Kvifor kunne ein ikkje ha brukt engelskmenn, eller for såvidt noken frå djupaste skogane i langt-vekk-i-stan. Dei ville i vertfall blitt teksta i ein norsk film. Dansk derimot, det er jo så lett å forstå, det treng ikkje teksting.
Det var ei scene midt i filmen som varte 5 til 10 min. Føltes som ei heil livstid. Danska som snakka i lag og eg skjønnar ikkje eit døyt. Eg sitte og ser og prøver å få med meg poenga, men nei. Så kva skal ein finne på.
Skal tru om eg har noke morsjomt i lommene? Nøklar............., litt rusk.................., biletten....................hmm.......kva meir.........ei krone.............andre lomma...........nei ingen ting............... Eg skulle selvfølgelig bakgrunnsjekka filmen. Hadde eg vist at det var danske skuespillarar med, skulle eg no tatt med meg eit blad eller noko som eg kunne lest dei lange minutta med dette finurlige språket.
fredag 26. september 2008
Snarveioman
Eg merka det plutselig no ein dag, i bergen by på vei til skulen. Eg er kanskje ein av dei som står tidligast opp før eg skal til skulen. Likar å ha gooood tid. I midlertid får eg alltid litt for lite tid til å komme meg frå min bopel til HiB. Eg må altså gå fort, noko som eg for så vidt er ganske god på, men det kan vi ta ein anna gong.
Målet er å gå den kortaste veien, altså eg kan fort ende opp med å bruke det som ein kallar snarveiar og når eg først har funne mine snarveiar så hjelp det ikkje at dei som jobbar med bybana ikkje vil at eg skal gå der. Dei setter opp gitter. Eg går i mellom. Dei setter opp betongautovern (ganske høge), eg går over. Det er om og gjere og snirkle seg rundt alle krinklar og krokar, over, under, gjennom for å spare dei ekstra sekunda. Dei setter opp meir og meir hinder og eg merkar at det begynner og bli sjukelig frå mi side.
Men det er ikkje berre eg som bedriver denne sjukelige hobbyen. Eg går etterkvart i kø med fleire andre gale mennesker. Vi sultar alle etter å spare tid, men bybana gjer det vanskeligare å vanskeligar. Den skjere gjennom landskapet som ein ond, giftig kniv. Då plutselig såg eg det. Vi var fleire som gikk i kø gjennom "snarveieane", enn på den vanlige veien. Eg sparte ikkje tid, eg brukte.
Det var ei tøff avvenningsperiode, men no går eg endelig der vanlige mennesker ferdast til og frå bysentrum, går der bybana vil vi skal gå. Eg går der, men eg ungår ikkje frysningane nedover ryggen når eg må krysse veien, gå 50 meter og så krysse tilbake igjen. Det er galskap!!
