onsdag 15. oktober 2008

Fullmåne


Det er fullmåne. Eg sitter og ete frukost og ser ut. Mørket gøymer fremdeles store deler av landskapet, men det er noko spesielt med skinnet frå månen når den er full. Eg ser opp mot den og føler noko rart skje med kroppen. Det begynner å klø i nasa, den føles oversensitiv ut, som om eg har fått bedre luktesans. Hjarte pumpar raskare og pusten aukar på. Det følest som om eit villdyr vil ut av meg. Det klør i fingrane, som om noke veks. Eg klorer meg fast i spiseboret og prøver å sjå vekk i frå månenskinnet, det er for sterkt, så alt for sterkt. Trangen er alt for sterk, eg vil ut å springe i skogen. Eller.............

AAAAAATJOOOOOO....................

ÅH.......dinna nysinga tar på.....

Ingen kommentarer: