onsdag 15. oktober 2008

Finanskrisa

Vår generasjon, eller min generasjon, eller alle generasjonar rundt meg, pluss, minus 5 til 10 år - Eg tru vi har hatt det for bra her i Norge. No meiner eg ikkje at alle har, har hatt det bra på alle måtar, heile tida, men eg tenker meir på levestandarden. Vi har levd/lever (foreløbig) i ei tid der Norge har godt med pengar og samfunnet er bygd opp med eit system som tar seg godt (relativt - ikkje alltid det fungere slik det skal), av oss. Vi har det vi treng og vi klager fordi vi ikkje FÅR nok penger med staten slik at vi kan feste og leve livet, endå litt meir i studietida. Greit nok, vi har ikkje veldig mykje pengar som studentar, ser den, men poenget er at vi har det veldig godt likavell. 

Vidare får eg snakke meir for meg sjølv. Finanskrisa som rammer verden no kan vere litt urovekkande, men eg føler meg trygg i Norge. Trur ikkje den kan ramme meg. Eg stoler blindt på systema her i landet. Det kjem nok av det som eg allereie har sagt ovanfor. Eg har ikkje nokon grunn til å ikkje stole på det, det har fungert bra så lenge eg kan huske og eg har fått det meste eg trenger og sikkert litt til. 

Men eg har lite peiling på økonomien og kva som skal til for at Norge skal bli betydlig ramma, ramma slik at eg merkar det.

I dag trudde eg i midlertid at DET hadde skjedd. Eg og noken i klassa skulle på kino, WALL-E (var foresten veldig, veldig bra film). Den starta ti over hal sju. Vi kom litt tidlig, pga at eg hadde rota litt med tida (ikkje alltid så lett å holde kontroll på dinna tida, sekunda, minutta...). Veldig mykje folk, som skulle på kino i dag. Så vi kjøper bilettane våre og stiller oss for å vente på at vi skal bli "blinka" inn i salen. 

Ein pleier å få sleppe inn ca 10 min før filmen skal begynne, men dinna gongen vart vi ståande. Klokka nærma seg filmstart, men ingenting skjedde. Det auka med folk og begynte å bli trangt. Klokka fortsatt og vi vart ståande i ein klump med folk i endå 15 min. Då var klokka 5 på sju og vi var 15 min forsinka. Eg merka ein uro spre seg i folkemengden. Kva skjer? Kvifor slepp vi ikkje inn? Kvifor får vi ikkje sjå film? Desperasjon. Vi begynte å merke presset bakfrå, fleire folk toga framover. Eg såg for meg, meg sjølv bli trampa ned, akkurat som folk blir på konsertar. 

Klokka ti over sju slår det ned i meg som eit lyn. Finanskrisa har nådd til og med inn i vestlandsfjordane og MB - kinoen. Kinoen er gått konkurs, dei kan ikkje vise film fordi dei i eit siste desperat forsjøk på å rette opp balansen har seldt filmkanonene. Bilettfolka er bytta ut med vektarar, som begynner å sjå litt usikre ut. I frykt for gemyttar, så tør dei ikkje anonsere den katostrofale hendinga...............

 

Eit voldsomt lettelsens utpust går gjennom heile folkemassen. Klokka er ti på hal åtte og lampene har begynt å lyse. Vektarane tørker svetten av panna og slepp folk inn. Kinoen begynner nokså fort og alle går heim, fornøgde etter ein god film.

Heldigvis hadde ikkje finanskris komt endå, likavell, men eg trur eg skal vere meir på vakt frå no. Kanskje det norske systemet ikkje er skuddsikkert alikavell???


1 kommentar:

Anonym sa...

Dei prøva å hjernevaske oss..Det finst ingen finanskrise...Det er ein konspirasjon for å få alle til å spare på straum, for å takle global oppvarming:P