Ein morning var han berre der, stod der litt hengande med hode og stirra inn på meg. Kven var denne skikkelsen, med det nedtrykte blikket og den lute holdninga? Hadde han følgt etter meg heim frå byen? Kva ville han meg? Eg prøvde å få kontakt, men har var like taus og stod heilt i ro. Det hadde vore veldig kaldt den natta, så kanskje han hadde frøse fast?
Dagane gikk, og kvar morning stod han der og stirra på meg i det eg lata opp persiennene. I byrjinga var det litt ubehaglig, men etterkvart vart eg vandt med å ha han der. Han vart som ein trist og litt nedfor venn. Ja, kanskje var han trist, men han var i vertfall der.
Ein dag eg var ute og gikk i byen og funderte på kvifor vennen min var så trist, vart auga mine hengande ved eit utstilligsvindauge. Der hang det ein gammal, svart frakk. Det var juletilbudet til Fretex. Ideen slo ned i meg som eit lyn, han hadde gjort livet mitt litt bedre, så no skulle eg gjere noko for han. Eg kjøpte frakken, eit skjerf og ein matchande hatt. Når eg kom heim, henta eg nokre vedkubbar frå leiligheita. Stakkaren hadde stått der ute og frøse heile tida. Levd eit kaldt liv i einsemd, uten varme og glede. No ville eg gi gleda i livet, tilbake til han. Eg kledde han opp i kleda. Han vart flott skal du tru. Så tente eg opp eit stort bål. Eg henta meg ein sovepose og noko og ligge på. Denne natta skulle han verken fryse eller vere åleine. Vi hadde det koselig i lag, eg fortalde skrøner, og om han ikkje akkurat lo, så viste eg innerst inne at han likte det. Eg er ikkje heilt sikker, men eg meiner at eg såg eit glimt i auga hannar og ei lite flir om munnen, like før augelokka mine vart for tunge og eg seig inn i drømmeverdenen.
Dagen etter når eg vakna, var det berre glør at av bålet og vennen min hadde reist. Han hadde lagt at kleda eg hadde gitt han. Det var litt trist, men eg viste eg hadde fulført oppgåva som var tiltenkt meg. Eg hadde gitt han varmen tilbake i livet, han var fri og kunne igjen reise med vindane slik han og hannar forfedre, og for så vidt etterkommarar altid har gjort og vil gjere i all tid framover.
