søndag 2. november 2008

Hyttetur


Har vore på hytte tur med ein kameratgjeng i helga. Vi for opp på laurdags formiddag og var til Søndag. Kjøpte med oss mykje god mat og litt drikke. Det var hytta til medisinerforeninga, som vi fikk låne. Ei ganske gammal hytte, men god plass og koselig. Den største "luksusen" var innlagt vatn. Når vi kom opp, fyrte vi godt i ovnen og tok oss litt brødmat, før vi gikk oss ein tur oppover i fjellet, i håp om at det skulle bli varmare i hytta medan vi var vekke. Gikk eit stykke, før vi fyrte opp eit bål og kokte oss kaffe. Medan vi satt der, fikk vi vårt første skikkelige snøfall. Fantastisk deilig, det og kunne komme seg slik ut i naturen og nyte syn, stillehet og ro. Berre høyre på snøflaka som treffer bakken, medan ein sitter med kaffelukta i nasen og varmar seg på koppen, ved bålet.

Då vi kom til bake til hytta,var den blitt litt varmare, men var fortsatt ikkje noko og skryte av, så vi fortsatte og fyre godt. Satt så i gong noko matlaging. Viltgryte passa bra på ein slik tur. Dyret hadde vi selvfølgelig skøte sjølv (og ikkje kjøpt på rema). Naut maten med litt god rødvin. Det var blitt mørkt når vi kom ned, så rommet lyste vi opp med ørten stearinlys. Folk har tydligviss drukke mykje vin her oppe før. Vinflaskene egna seg bra som lysestaka. Etter maten åt vi sjokkoladekake og anna snacks. Satt oss til og snakka om alt mulig. Veldig deilig og avslappande og gjere slikt av og til. Får kobla heilt ut. Utan TV eller anna konstant underholdningskilde. Berre slappe heilt, heilt av.

Ingen kommentarer: