mandag 29. desember 2008

A4 - posen

No er det lenge sia eg har skrive noko her. Var mykje eksamenstyr før jul og no i jula, går egentlig dagane alltid i eit kvart, men det er ein ting som eg lenge har tenkt på som plager meg. Det har vore litt opp i media for ei stund sia og er eit tema endå. Nemmelig plastikkposar. No skal ikkje eg seie noko for eller mot bruken av desse posane, men det som plager meg er størrelsane og alle dei ulike versjonane.

Når eg treng ein pose, så blir det alltid til at eg må leite gjennom alle dei tusen ulike størelsane og typane av posa som blir laga, før eg endelig finn den ultimate A4 - posen.

Ja, A4-posen, det er den posen, som dei fleste matvarebutikkane brukar. Den er akkurat passe stor, plasten er ikkje for har, men likevel tåler den somregel dei fleste påkjenningane.

Går ein og tilbake til den opprinelige diskusjonen om ein bør kutte ut å lage plastposar, så tenker eg i sofall at posane kan jo alltid brukast som bossposar i restavfall og då er dei ikkje noko ekstra avfallkilde. Men det er berre A4-posane som passar jamt over i dei fleste innendørs-restavfallbøtter og slikt. Alle andre posar er berre svært irriterande og burde alldri bli laga.

Dette er eit stadig voksande problem for meg, som eg håpar med tid og stunder at ein laga ein standrd for og for innført lov som forbyr alle andre posar enn A4-posen.

Ingen kommentarer: