For dokke som endå ikkje har fått med dokke det ny her i bergen by, så skal eg no røpe det..... Bergen kommune har lenge vore kjent for å like å kødde med innbyggerane sine, ved å stadig lage eit evig kaos inne i bykjerna. Det som no tar kaka er den nye kamuflerte ideen, om eit gedigent spel, der alle innbyggarane i byen er deltagerar, enten dei vil eller ei(Ja, det er allereie i gong). Spelet har det klingande navnet: "Den Levande Labyrint". Det er ikkje offentlig gjort nokon spesiell premie til den første som runder spelet, men det går eit rykte om eit betydlig pengebeløp.
Eg har lenge tenkt, at ditta det skal eg klare, ditta er mitt område, endlige noko eg er god i......men det erkje lett. Det er beinhardt, både psykisk og fysisk. Kvar forbaska dag, eg skal på skulen, inn i byen eller på trening, må eg gjennom denne labyrinten av jære, mura og veiarbeid. Ikkje ein einaste dag er den lik. Labyrinten forandra seg heile tida...
Kanskje er det berre meg, men det kan virke som konkuransen har begynt å tilspisse seg. For no begynne dei å legge ut feller. No er det plutselig åpent på plassar der det ikkje har brukt å vere åpent før og viss ein ikkje føller heilt med, så står ein plutselig der, omringa av illsinte gravmaskiner... Det blei for tøft for meg, etterkvart og eg hadde virkelig tenkt å gi opp, men så fikk eg nyss i at ein fyr bort i Nygårdsparken hadde ein sann derre walkthrough.
Så sjølv om det tar vekk litt av spenninga i spelet, så kjem eg meg i vertfall alltid levande og tidsnok til skulen kvar dag....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar