fredag 26. september 2008

Snarveioman

Eg merka det plutselig no ein dag, i bergen by på vei til skulen. Eg er kanskje ein av dei som står tidligast opp før eg skal til skulen. Likar å ha gooood tid. I midlertid får eg alltid litt for lite tid til å komme meg frå min bopel til HiB. Eg må altså gå fort, noko som eg for så vidt er ganske god på, men det kan vi ta ein anna gong.

Målet er å gå den kortaste veien, altså eg kan fort ende opp med å bruke det som ein kallar snarveiar og når eg først har funne mine snarveiar så hjelp det ikkje at dei som jobbar med bybana ikkje vil at eg skal gå der. Dei setter opp gitter. Eg går i mellom. Dei setter opp betongautovern (ganske høge), eg går over. Det er om og gjere og snirkle seg rundt alle krinklar og krokar, over, under, gjennom for å spare dei ekstra sekunda. Dei setter opp meir og meir hinder og eg merkar at det begynner og bli sjukelig frå mi side.

Men det er ikkje berre eg som bedriver denne sjukelige hobbyen. Eg går etterkvart i kø med fleire andre gale mennesker. Vi sultar alle etter å spare tid, men bybana gjer det vanskeligare å vanskeligar. Den skjere gjennom landskapet som ein ond, giftig kniv. Då plutselig såg eg det. Vi var fleire som gikk i kø gjennom "snarveieane", enn på den vanlige veien. Eg sparte ikkje tid, eg brukte. 

Det var ei tøff avvenningsperiode, men no går eg endelig der vanlige mennesker ferdast til og frå bysentrum, går der bybana vil vi skal gå. Eg går der, men eg ungår ikkje frysningane nedover ryggen når eg må krysse veien, gå 50 meter og så krysse tilbake igjen. Det er galskap!!

1 kommentar:

Arne sa...

Gratulerer som blogger! Dette lover godt! Du er herved linket.