Heite dagar no for tida. Er ganske aktiv, ¨å harkje tatt meg tid til å skrive noko her. Tenkte eg kunne ta ei oppsamling på ting som har skjedd. Eg har fått meg sommerjobb, der eg går langs strømlinjene og måler jordingsmotstanden i bakken. Det er eit sikkerhetsforetak. Får vere mykje ute, så eg blir brun og fin.
Men selvfølgelig første dagen det var knallvær så gikk eg rundt i skauen og blåtta min kvite rygg og då blei selvfølgelig den knallraud. Måtte då med t-skjorte ei veke i heiten og det vart dritvondt å gå med sekk noken av dagane.
Når ein går slik rundt om kring i skog og mark oppleva ein litt forskjellig. Eg jobbar i lag med ein anna fyr og. Greit å vere to, så blirkje det så einsamt, emn det blir og meir å holde styr på. I går hadde vi gått langs ei linje ca ein kilometer. Vi bærer ganske tunge sekkar, så når vi skulle gå tilbake til bilen, så tenkte vi at vi kunne gå ned til byggefeltet rett under oss, legge frå oss sekkane på toppen der og så gå ned til bilen, for så å køyre opp og hente sekkane. Det første vi merka etterkvart var at veien vi gikk på gikk i feil retning, slik at vi kom lengre og lengre vekk frå bilen, men det var no greit nok. Vi kom no til slutt fram til bilen, etter ein halv time. Plutselig gir han andre frå seg noken ulyda. Ja som eg sa så er det meir å holde styr på når ein er to. Han hadde lagt igjen bilnøklane oppe i sekken. ha ha. Vi hadde to alternativ. Enten gå opp å hente nøklane og så gå ned igjen. Dette ville ha tatt over 1 ekstra time og vi måtte betalt for den timen sjølv. Vi valgte heller å ringe etter ein TAXI, som køyrte oss opp til sekkane og ned igjen til bilen. Slik at vi fikk låst oss inn i bilen og fått tak i lommeboka så vi kunne betale for oss. Viss tid er pengar, så vart dette mykje billigare og mindre slitsomt enn å gå. he he.
I dag var vi ein plass eit stykke oppe på fjellet. Vi var nesten ferdig med målingane våre, når vi finn ut at det er noko gale med kablen som vi bruker. Den enden som skal koblast til måleutstyre vårt er forsvunnen inn under resten av kablen. Vi dreg derfor ut heile kablen (250 m) og finn tak i enden. Vi får gjort den siste målinga, men alle kablane ligger ute (ca. 100 m i ein retning), så kjem der ein hest gåande bort til oss. Den ville seie hei. Det var ein fordel at de nikkje begynte å ete på kablane, så eg måtte stå å passe på den, medan han andre rydda saman. Dette tok ekstra lang tid. Hesten blei veldig glad i å sleike meg på henda og bite meg i foten. Når vi skulle rydde sammen kablen vi hadde fått problemer med, merka vi at vi hadde laga tidenes største floke, så vidare følgte ein time med flokeløysing.
Når dette er sagt så føla eg at vi ellers har vore ganske effektive å fått gjort ein god jobb, men all dinna varmen gjer at ting ikkje går heilt som det skal. Så kan vi no spørre oss ken som har tatt alt regnet vårt. EG trur det asiatane som driv å skyte rakettar på skyen og stjele dei frå oss. Fåreløpig er det greit, men det finst grenser.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar