tirsdag 28. juli 2009

Konspirasjon

Eg skal jo snart begynne å studere i London. På grunn av dette har eg no i det siste tenkt at eg bør lese litteratur på engelsk, så eg får litt trening. Boka eg lese no er "Foucault's Pendulum" av Umberto Eco. Det er ei bok med mykje konspirasjonsteoria. Det hovedhistoria går ut på at Tempelridderane i si tid blei tvungne til å løysast opp fordi mektige folk begyntå å frykte at dei skulle få for mykje makt (boka er fiksjon, men den bygger vel kanksje på faktiske konspirasjonsteoria). Så er det ein man som har klart å finne ut litt ymse. Han meiner at Tempelriddarane, som etterkvart blei forbanna på kyrkja og vendte seg vekk frå den fordi den gjorde så mykje drit, lot folk tru at ordnen vart oppløyst, medan dei i verkelegheita "gikk under bakken" med ein større plan om å vende tilbake og ta kontroll over verda. I og med at dei vendte ryggen til kyrkja, så beli tallet 666 (knytta til anti-krist) eit viktig symbol for dei. Det er her konspirasjon blanda med matematikk tar litt av. 

Dei laga ein plan som skulle utførast steg for steg og fulført ved år 2000. 6 forsegla dokument blei plasert ved kva sine segl-voktera. Det var tilsammen 6 voktera per segl, som skulle passe på segle i 20 år kvar. Altså 120 år skulle pasere mellom kvart segl som vart opna. Planen starta i 1344, då vart første segle opna. Så venta ein 120 år før neste vart opna osv. Dette resulterer i    5 x 120 år = 600 år. Då er årstallet 1944. Dette er igjen eit symbolsk tall. Det er faktisk det mest symbolke tallet for tempelriddarane. Det er jo LETT å sjå. For slår du sammen alle tala i 1944, så får du: 1+9+4+4=18. 18 kan og skrivast som 18= 3 x 6  eller om du vil  666. Problemet var jo at innen 1944 hadde det vore krig og alt gikk i dass.

Men likavell fantastisk kva du kan bruke enkel matematikk til............

Ingen kommentarer: