onsdag 3. juni 2009

Ekstremsport

No skal eg ikkje snakke om alle dei vanlige ekstremsportane som finst i verden. Basert på ein stattestikk laga av meg på grunnlag av meg, så vil eg få fram navnet på ein heilt ny ekstremsport, som folk tidligare har tenkt på som kjedelig og lite adrenalinskapande.

Eg var ute og tok med ein kjapp joggetur i går. Eg har då alltid tenkt som dei fleste at dette er ein trygg form for sport. Det viste seg derimot at ein ekstra ingrediens, som eit nøkkelknipe, var alt som skulle til for å sprite opp denne sporten. På vei rundt tveitavatnet klarer eg å snuble og tryne framover. Eg røyste meg fort opp igjen og tenkte at det var litt flaut. Kjente litt sviing på venstre hand og såg at eg hadde fått litt skrubbsår, men når eg ser bort på høgre hand så ser eg DET.

Eg hadde sprunge med nøkkelknippe i handa og husnøkkelen min der, er ein lang tynn metallpinne, som eit lite sløvt spyd. Når eg ser på handa mi så ser eg denne nøkkelen ståande fast inne i huda mellom tommel og peikefinger. Eg kjenner ingenting, men drar den ut. Litt "kjøtt" henger igjen på nøkkelen og viser at den hadde stått litt over ein cm inn i handa.

Eg kom meg på legevakta og får fiksa det, men det er ei anna historie. Poenget mitt her er at i følge min statestikk, så har eg aldri skada meg verken på fallskjermhopping, paragliding, elvepadling, basejumping eller lignande.  Ja i følge min statestikk så er jogging den mest ekstreme sporten. Eg fikk faktisk så mykje andrenalin at eg ikkje følte smerten. 

Så viss du har livet kjært så ikkje begynn med jogging. Det for være noko som vi adrealinjunkiar driv med.

Under er ei grafisk frmastilling av nettopp dette.

2 kommentarer:

Arne sa...

Pillene med diverse bivirkninger, som du fikk med på kjøpet, føler jeg også er en ting på plussiden når det gjelder jogging og ekstremsport.

Iver sa...

Ja dei var belønning for alt strevet. Mykje kjekt med dei pillene........