Vinteren var før ei tøff tid for mine lepper. Det endte alltid opp med store sprekker og infernalsk smerte. Men så kom lypsylen inn i mitt liv og alt vart mykje bedre. I vertfall til kvaliteten på produktet begynte å svikte. Ja, for lypsyl holder ein god kvalitet, det er ikkje noko kjimse av. Men i det siste har eg hatt eit problem med lypsylen. Den har hatt ein tendens til å skru seg ut medan den er i lomma, noko som har resultert i at den sitter fast i lokket når eg opner den. På denne måten blir den øydelagt. Dette er eit veldig stort iritasjonsmoment og har gått meg på nervanne. Eg skreiv derfor eit brev til Lilleborg og klaga mi nød. Eg har god erfaring med slike klager. Dei resulterer som regel i gratis ting og det er alltid velkommen hoss ein student. Eg har og ein tedens til å rote vekk lypsylane, så eg må kjøpe nye. Tidt og ofte finne eg dei gamle igjen og, så no hadde eg faktisk tre stykker.
I dag (ca. etter ei veke) fikk eg ein liten pakke og eit brev frå Lilleborg. Dei beklaga og sendte meg 5 lypsylar. Fifine greier. No har eg 8 lypsylar. Kankje bli bedre.......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar