Eg var på kino i går. De Usynlige, veldig god film foresten. Anbefalast.
Dette er ein norsk film. Synst norsk film har blitt ganske bra etterkvart, vi har fått ein god del gode skuespillera. Det som eg då har av dårlig kritikk til dinna filmen er, kvifor må ein dra inn danskar??! Kva er poenget med? Kvifor kunne ein ikkje ha brukt engelskmenn, eller for såvidt noken frå djupaste skogane i langt-vekk-i-stan. Dei ville i vertfall blitt teksta i ein norsk film. Dansk derimot, det er jo så lett å forstå, det treng ikkje teksting.
Det var ei scene midt i filmen som varte 5 til 10 min. Føltes som ei heil livstid. Danska som snakka i lag og eg skjønnar ikkje eit døyt. Eg sitte og ser og prøver å få med meg poenga, men nei. Så kva skal ein finne på.
Skal tru om eg har noke morsjomt i lommene? Nøklar............., litt rusk.................., biletten....................hmm.......kva meir.........ei krone.............andre lomma...........nei ingen ting............... Eg skulle selvfølgelig bakgrunnsjekka filmen. Hadde eg vist at det var danske skuespillarar med, skulle eg no tatt med meg eit blad eller noko som eg kunne lest dei lange minutta med dette finurlige språket.
1 kommentar:
Kanskje ei lydbok, sidan det er mørkt tenker eg...
Legg inn en kommentar