I går hadde vi nok ein givande time i det flotte faget vårt "Kvalitetsledelse". Forelesninga varte frå 13.00 til 15.30 og i begynelsen var det ganske bra oppmøte, men folk forsvant med eksponensiell fart. Til slutt satt omtrent 10% igjen. Lurer litt på kvifor alle gikk. Det var jo ei veldig spennande forelesning. Eg lærte blant anna at viss du skal lage ei heisekran, så er det ikkje nok at den klarer å løfte 1000 kilo, du må og tenke på at den kanskje må løfte meir enn det og..............viktig lærdom som eg skal ta med meg vidare i livet. Kanskje får eg bruk for det når eg blir leiar i Bergen heisekranforening.
Det eg ellers satt igjen med var at om ein skal reise med fly, så er det viktig å lande trykt.....heldigvis har flyselskapa allereie skjønt det poenget.
Viss du vil vite meir om dette herlige faget, kan du sjekke ut bloggen til Arne (link på venstre side).
1 kommentar:
Nyttig lesning. Fikk med meg den med flyet, men heisekraneksempelet har gått meg hus forbi. Eg satt vel sikkert og såg ut vinduet akkurat då...
Legg inn en kommentar