søndag 26. oktober 2008

Regnvær


Dinna helga har det virkelig regna. Det regna så kraftig i går, at når eg skulle på fest, så måtte eg kle meg opp i full mundur, sjølv om eg skulle ta bussen. Eg hadde blitt våt av å gå 5 meter. Dårlig vær begrenser motivasjonen for å gå ut av huset. Mangen klager på regne her i Bergen, inkludert meg sjølv, av og til, men eg synest det verste regnet er det kjedelige "rett ned"-regnet. Det er berre traurigt. Når det bles, slik som dinna helga og ein får følelesen av å stå under ein foss, fordi himmelen virkelig tømmer seg over deg. Då, då er det fassinerande. Eg tok meg sjølv i å le, når veiane etter 5 minut vart gjort om til elver. Det å sykle oppover, minte meir om elverafting. Det å vere ute i slikt vær, synst eg berre er morosamt. Deilig å kjenne regndråpane piske mot fjeset. Kjenne vinde ta litt tak i meg. Det som kan vere kjedelig er å sitte klissvåt heile dagen på skulen eller lignande, men er eg på vei heim, så er det ikkje noko problem.

Når eg var liten, så var regnvær og ganske morosamt. I vertfall det og komme ut etter at det hadde regna. Regnet forandra liksom alt rundt deg. På med full mundur, blå regjakke og bukse, med strikk under støvlane. Ut og hoppe i sølepyttane. Pappa prøvde forjeves å tette igjen eit hol på tunet vårt, med sand. Det fungerte dårlig, sank alltid sammen. Der blei det alltid ein stor fin dam som eg kunne hoppe i. 

Noko anna eg likte med regnværet, var at myra bak huset vårt blei om til eit lite hav, i vertfall i auga til ein 8-åring.  Våkna opp tidlig på morningen og såg ut glaset, for å sjå langt utover "havet". Kan endå huske den frydefulle følelesen. Ei anna historie, som gikk på nesten det samme, skjedde litt lengre fram i tid. Eg gikk i 6. eller 7. klasse på barneskulen. Veslebror min gikk framleis i barnehagen. Vi skulle hente han ein dag og då hadde det regna så mykje den natta at ei lita dump med eit areal ca. på 10x10 m var fult full med vatn. For barnehageeungar er dette ein stor opplevelse. plassen dei dagen før hadde leika, var løpe av ei natt forsvunnen under mangen 1000 liter vatn.

Det ein ikkje må gløyme, som er flott med regnværet, er muligheten vi har til å vere inne og nyte varmen og lyden av regnet som trommar mot tak eller vindu. Koke seg opp ein kopp med noko varmt og drikke, fyre i peisen, finne seg eit teppe og sette seg ned å lese ei god bok. 

Eg er glad for at vi har regnet i Bergen. Når det regnar så mykje, så blir ekstra stas når sola finner på å vise seg for oss.......

2 kommentarer:

Anonym sa...

Huska faktisk det store havet i barnehagen..var nesten litt skummelt på den tida..men når eg kjem tilbake dit no, så er det liksom ikkje heilt det samme :P

Iver sa...

Ja, no ser det kjempelite ut. Alt i barnehagen ser lite ut. Det som den gangen var eit heilt univers, er no, berre eit nålauge